Suldal kommune
2. gongs utlysing
Frå 1. august 2024 er det ledig 100 % fast stilling som inspektør/avdelingsleiar med hovudansvar for barnetrinnet på Sand skule i Suldal kommune.
Sand skule har omlag 300 elevar fordelt på 14 klassar frå 1. -10. trinn. I tillegg har skulen ca 25 elevar som får eit introduksjonstilbod, kalla velkomstklassar, som er eit tilbod for alle nyankomne flyktningar i Suldal. Velkomstklassane er aldersblanda fordelt på to klassar (4.-7. trinn og 8.-10. trinn).
Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.
Skulen er medlem av den ideelle organisasjonen MOT. MOT har program for ungdomsskular og skulen vår har vald å satsa på Robust ungdom og Skulen som samfunnsbyggjar. MOT-satsinga er ein medverknad for å byggja ein varm og trygg skule, til liks med programmet SUPER, eit program frå same organisasjon som rettar seg mot dei yngste på barnetrinnet, som skulen vår er ein del av. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket
Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Me søkjer etter deg som
Arbeids- og ansvarsområde
Krav til kompetanse
Kva kan me tilby
Andre opplysningar:
Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Referansenummer: 24/727
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Søknadsfrist: 27.06.2024
Tiltreding: 01.08.2024
Arbeidsstad: Sand skule
Kontaktpersonar:
Jorunn Hoås
mob: +47 91574334
Heimeside:
Adresse:
Rygjatunvegen 2 4230 Sand
Suldal kommune Sand skule
Sand skule har omlag 290 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning
Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.
Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Del stillingen
Suldal kommune
Sand
June 27 ,2024