Vestland fylkeskommune
Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Eid vidaregåande skule ligg midt i Nordfjord i Eid sentrum. Vi er omlag 70 tilsette og nær 330 elevar. Godt samarbeid med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og lokalt næringsliv gjev rom for spennande skuledagar og unike læringsarenaer.
Skulen har desse utdanningstilboda:
Studieførebuande utdanningsprogram: Studiespesialisering. Påbygging til generell studiekompetanse.
Yrkesfaglege utdanningsprogram: Elektro og datateknologi. Teknologi- og industrifag. Frisør, blomar interiør og eksponeringsdesign.
I tillegg tilbyr vi fag og utdanningar via fylkeskommunen sin nettskule.
For meir informasjon besøk skulen si heimeside: eid.vgs.no
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 02.07.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Nordfjordeid
Stillingstittel: Avdelingsleiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Anna
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4829693705
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Om leiargruppa og presisering av stillinga
Leiargruppa ved skulen vil bestå av rektor, assisterande rektor og tre avdelingsleiarar og skal bidra til at elevane får eit godt opplæringstilbod i eit trygt og godt skulemiljø.
Avdelingsleiar vil ha ansvar for å utvikle og leie eit eller fleire av utdanningsprogramma ved skulen. Det kan også vere aktuelt å dele leiing av eit utdanningsprogram med ein annan avdelingsleiar.
Gruppetal og elevtal styrer størrelsen på leiargruppa. Hausten 2024 skal det avgjerast kva tilbod skulane i Vestland fylkeskommune skal ha dei nærmaste 10 åra. Medan denne prosessen pågår treng skulen ein avdelingsleiar i engasjement i perioden 01.08.2024 – 31.07.2025. Stillinga har ei fordeling på ca.60-70% avdelingsleiing og ca.40-30% undervisning i fag skulen tilbyr.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom ein har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil ein alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Adresse:Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge
Kontaktinformasjon
Alf Reidar Myrstad, rektor
Telefon: 909 62 632
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Vestland fylkeskommune
Nordfjordeid
July 02 ,2024