Vang kommune i Valdres
Vang kommune har ledige faste fagarbeidarstillingar i Fredheim barnehage og Høre barnehage frå august 2024.
Me søkjer etter fagarbeidarar som brenn for barna si læring og trivsel! Satsingsområdet for barnehagane er «SmartOppvekst» med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrkar og livsmeistring.
Kva kan me tilby?
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
Ein variert kvardag, med mange spennande arbeidsoppgåver
I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
Me kan hjelpe til å ordne bustad
Løn etter tariff, og gode forsikrings – og pensjonsvilkår
Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er ein to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På veldig kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.
Fredheim barnehage
Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi utedagar for alle årskulla på stor avdeling. På minste avdeling ein dag for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 31.07.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Fagarbeidarar i barnehage – 2 x 100 % fast stilling
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4831190106
Arbeidsoppgåver
Delta aktivt i leik og aktivitetar
Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale
Kvalifikasjonar
Fortrinnsvis barne – og ungdomsarbeidar, men andre med relevant fagutdanning/fagbrev oppmodast også til å søkje
Andre utan fagbrev, men med anna relevant utdanning/erfaring kan også søkje
Fortrinnsvis med erfaring frå liknande arbeid/ arbeid med barn
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Kontaktinformasjon
Heidi Lynge Kvale, Styrar Høre barnehage
Telefon: 90580529
E-post: [email protected]
Karin Trøen, Styrar Fredheim barnehage
Telefon: 92891231
E-post: [email protected]
Vang kommune som arbeidsgjevar:
Å bu i Vang kommune:
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vang kommune i Valdres
Vang I Valdres
July 31 ,2024