Vestland fylkeskommune
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 530 elevar.
Meir informasjon om sku len finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.12.24 har vi ledig stilling som faglærar i elektrofag.
Søknadsfrist: 15.09.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: FLORØ
Stillingstittel: Lærar – Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekorn
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4853714869
Arbeidsoppgåver
Undervisning i aktuelle programfag på vg1 og vg2 etter kompetanse og behov.
Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.
Flora vgs har VG1 Elektro og datateknologi og VG2 El-energi og ekorn.
Kvalifikasjonar
Relevant fagbrev og praksis innan faget.
Gode tekniske og faglege ferdigheiter, brei erfaring frå installasjonsarbeid og arbeid med elektronisk kommunikasjon.
Kompetanse innan IT og relevant programvare.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til lokalt næringsliv.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår. Ved manglande pedagogisk og/eller fagleg kompetanse vil det bli lagt til rette for etterutdanning.
Personlege eigenskapar
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå
offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk
utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar særlig retta mot barne- og
ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Søknadsfrist: 15.09.24
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med Avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy (tlf 918 72
726) eller rektor Lars Anders Nybu (tlf 415 30 604)
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 FLORØ, Norge
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu
Rektor ( vikariat)
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vestland fylkeskommune
Florø
September 15 ,2024