Ullensvang kommune
Stord kyrkjelege fellesråd
Ullensvang kommune
Stord kyrkjelege fellesråd
Stord kyrkjelege fellesråd
Ullensvang kommune
Øystre Slidre kommune
NB! Lenke vidare til sjukepleiarar og helsefagarbeidarar nede før kontaktinformasjon.
Øystre Slidre kommune er i utvikling og vi søkjer etter fysioterapeut til å vere frisklivskoordinator! Stillinga er ledig frå 01.11.24.
Vi har ledig 60% fast stilling som fysioterapeut og frisklivskoordinator. Vi har også ledig 20% prosjektstilling ut 2025. Prosjektstillinga går i hovudsak ut på å oppatrette Frisklivssentralens tilbod og vidareutvikling. Stillinga er organisert under avd. rehabilitering og meistring.
Frisklivskoordinator har ansvar om å drifte frisklivssentralen og gjennomføre ulike helsefremmande kurs og helsesamtaler med enkeltpersonar.
Du vil og samarbeide tett med den kommunale fysio- og ergoterapeuttenesta og andre relevante samarbeidspartnarar. I tillegg utøve kurativ behandling som fysioterapeut.
Det er krav om politiattest før tilsetting, jfr helsepersonelloven §20a.
Søknadsfrist: 14.11.2024
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Stad: HEGGENES
Stillingstittel: Frisklivskoordinator/fysioterapeut
Stillingar: 2
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast, Engasjement
Stillingsprosent: 60, 20
Webcruiter-ID: 4876755945
Arbeidsoppgåver
• Førebyggande helsearbeid som frisklivsrettleiing og folkehelsearbeid
• Organisere og gjennomføre helsefremmende kurs som sov godt, BRA-mat og lignande
• Koordinere Sterk og stødig grupper
• Gje fysioterapi til pasientar i kurativ behandling
• Gjennomføre gruppetimer som barseltrening, trening for heimebuande med og uten ganghjelpemidlar
• Tverrfagleg samarbeid
• Bidra til å utvikle tenestetilbodet
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som fysioterapeut
• Fordel med erfaring som instruktør av gruppetreningar
• God evne til å uttrykkje seg skriftleg og muntleg
• Førarkort og tilgang på eigen bil
Personlege eigenskapar
• Vi søkjer ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar
• Du må vere løysningsfokusert, fleksibel og ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
• God evne til samarbeid, og til å motivere andre
• God evne til struktur og gjennomføring av tiltak i tenesta
• Ansvarsbevisst, initiativrik og med positiv haldning til tverrfagleg samarbeid
• Dei personlege eigenskapane vil bli særleg vektlagt
Vi tilbyr
• Utfordrande og spennande stilling i ein kommune i utvikling
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Lønns- og arbeidsvilkår etter tariff
• Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling
Bygdinvegen 1989, 2940 HEGGENES, Norge
Lenke vidare til sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Kontaktinformasjon
Marie Bjørneseth Storrusten
Avdelingsleiar
Telefon:93230895
Gina Kvale Myreng
Tenesteleiar førebygging og meistring
Telefon:90525192
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Øystre Slidre kommune
Heggenes
November 14 ,2024