Vestland fylkeskommune
Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering, 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente.Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.
Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no og skulen sin film https://youtu.be/37e8hMyhHnA
Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Fusa vidaregåande er ein MOT skule som bidreg til inkludering for alle elevar.
Skulen tilbyr særskilt tilrettelagt opplæring i arbeidstrening, kvardagslivstrening og i ordinære klassa.
Vi søker ein engasjert, kunnskapsrik og kompetent vernepleiar med pedagogikk/spesial pedagog i 100 % fast stilling til å supplere laget vårt. Stillinga er ledig frå snarast.
Søknadsfrist: 08.12.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Eikelandsosen
Stillingstittel: Undervisningsstilling, særskilt tilrettelagt opplæring
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4887226418
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast må legge fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Leiro 43, 5640 Eikelandsosen, Norge
Kontaktinformasjon
Lene Tveit
Telefon:93853301
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vestland fylkeskommune
Eikelandsosen
December 08 ,2024