2. gangs utlysning: Trusopplærar
Kviteseid sokn har ledig inntil 50 % oppseieleg stilling som trusopplærar.
Vi søker ein person som kan vere med å drive og vidareutvikle det varierte trusopplæringsprogrammet vårt.
Søknadsfrist: 31.12.2024
Arbeidsgiver: Kviteseid Sokn
Sted: Kviteseid
Stillingstittel: Trusopplærar
Stillinger: 1
Heltid/Deltid: Deltid
Ansettelsesform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 4839366851
Arbeidsoppgåver
- Leie, koordinere og administrere kyrkjelyden sitt trusopplæringsarbeid i nært samarbeid med sokneprest, staben elles, trusopplæringsutvalet og frivillige.
- Bidra og inspirere til eit variert og godt trusopplæringsarbeid i kyrkjelyden.
- Rekruttere og inspirere til frivillig engasjement.
- Delta i soknet si konfirmantopplæring, inkludert konfirmantleir.
- Delta i gjennomføringa av ulike andre tiltak frå trusopplæringsplanen etter ynskje og evne.
- Vere sakshandsamar og sekretær for trusopplæringsutvalet, rapportere til soknerådet og bispedømerådet.
- Sekretæroppgåver som mellom anna annonsering på forskjellige måtar for alt arbeid i soknet / kyrkjelyden.
- Oppgåver, oppstarttidspunkt og stillingsstørrelse opp til 50 % kan tilpassast om du er rett person for oss.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og / eller gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid i kyrkje eller kristen organisasjon.
- Kunnskap til norsk kyrkje- og kristenliv.
- Må kunne arbeide med enkle dataprogram / digitale plattformer.
- Søkjar må beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
Personleige eigenskapar
Likar samvær med born og unge.
Ynskjer å legge til rette for og vere med på formidling av Bibelen sin gode bodskap til ei levande tru.
Kan arbeida strukturert og målretta, er sjølvstendig, initiativrik og kontaktskapande.
Har gode evne til samarbeid og relasjonsbygging.
Er du personleg eigna/skikka, vil det vere meir avgjerande enn formell utdanning og kompetanse.
Du bør ha førarkort, og gjerne kunne disponere eigen bil.
Den som blir tilsett, må legge fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) i samsvar med Kyrkjelova § 29
Vi tilbyr
- Allsidig og aktivt kristenliv i kyrkjelyden og bygda.
- Godt og inspirerande arbeidsmiljø med gode kollegaer (sokneprest, organist, kyrkjeverje og kyrkjetenarar).
- Engasjerte frivillige medarbeidarar.
- Gode og tenlege lokaler for arbeidet.
- Samarbeid med andre i prostiet om konfirmantarbeid og leiartrening via “Ønsket og elsket” (Sjå onsketogelsket.no).
- Godt tverrkyrkjeleg samarbeid.
- Løn, pensjon og andre arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar i
- Hovedorganisasjonen KA.
- Ein fin kommune og bygd å bu og arbeide i.
- Sjå gjerne heimesida vår kyrkja.no/kviteseid.
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid, Norge
Søk her
Kontaktinformasjon
Kristen Salmelid
Kyrkjeverje
Telefon:+47 97047860
Tilbake til søketSøk her
Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Selskap
Kviteseid sokn
Lenke til firma
https://www.kyrkja.no/kviteseid/
Kategorier
kirkeMenighetspedagogtrosopplærertrusopplærar
Kontaktinfo
- Kristen Salmelid
- Tittel: Kyrkjeverje
- E-Post:
- Mobil/Tlf: +47 97047860
Lokasjon
Søknadsfrist
Desember 31, 2024