Kyrkjeverje
- Aukra Sokn
- Skogvegen 1a, 6480 Aukra
Om jobben
Stillingstittel: Kyrkjeverje
Type ansettelse: Fast
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. oktober
Gå til søknad
Aukra er ein øy- og fastlandskommune med kort avstand til Molde. Kommunen har vel 3700 innbyggarar og har eit variert kulturliv. Forholda for friluftsliv er godt tilrettelagt. Meir informasjon om staden finn du på heimesidene til Aukra kommune og Aukra kyrkjelyd. Aukra er ein eittsoknskommune med éi kyrkje (Aukra kyrkje frå 1835) og eitt sokneråd som også er fellesråd. Kyrkjelydshuset like ved kyrkja har kontor for alle tilsette, møtesal med godt utstyrt kjøkken, og garasje for drift av kyrkjegarden. Kyrkjeverja har kontorfellesskap med sokneprest, kyrkjelydspedagog/trusopplærar, kantor og kyrkjetenar. Soknet har tenesteytingsavtale med kommunen om økonomi- og personaladminstrasjon og IKT-tenester.
Arbeidsoppgåver
- Vere dagleg leiar for soknerådet/fellesrådet si verksemd.
- Leie, koordinere og organisere aktivitetane innanfor soknerådet/fellesrådet sitt ansvarsområde og leie staben
- Ha personalansvar for tilsette i fellesrådet
- Ha økonomisk og administrativt leiaransvar, med plan- og budsjettansvar
- Ha ansvar for tilsyn, drift og vedlikehald av kyrkja og kyrkjestova
- Ha ansvar for fellesrådet sine oppgåver som gravplassmyndigheit, under dette forvalting, drift og utvikling av gravplassen
- Ha ansvar for den daglege drifta av kyrkjelydshuset med oppfølging av utleige og aktivitetar
- Vere sekretær og sakshandsamar for soknerådet/fellesrådet si verksemd
- Ha ansvar for kontakt og rapportering til offentlege styresmakter
- Ha ansvar for at dei tilsette bidreg til realisering av vedtekne mål
- Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø som grunnlag for dei tilsette si utvikling, arbeidsinnsats og trivsel.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskolenivå innan økonomi / administrative fag
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formalkompetanse
- Kunnskap om offentleg forvalting og kyrkjeleg organisering
- Erfaring med personal- og økonomiforvalting
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Medlemskap i Den norske kyrkja
- Engasjement og lojalitet til Den norske kyrkja sine grunnverdiar og visjon
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt, kontaktskapande og relasjonsbyggande
- Evne til å arbeide sjølvstendig, ryddig og strukturert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sjølvstendig og engasjerande stilling med handlingsrom for kreativitet og trivsel
- Hyggelege og dyktige kollegaer
- Aktivt og støttande sokneråd/fellesråd
- Kontor i kontorfellesskap på Kyrkjelydshuset
- Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
Anna:
- Aukra sokne- og fellesråd er inne i ein prosess med å utgreie samarbeid med Molde kyrkjelege fellesråd og andre fellesråd i prostiet. Delar av stillinga kan derfor bli tillagt oppgåver i andre fellesråd, eller oppgåver kan bli sett ut til andre fellesråd etter nærare avtale.
- Det arbeidast med å etablere ei mentorordning med erfarne kyrkjeverjer i prostiet
- Dersom søkaren har relevant kompetanse og er interessert, kan ein kombinasjon med andre stillingar vurderast
- Den som får tilbod om stillinga må kunne legge fram godkjent politiattest, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
- Prøvetid 6 mnd.
- Søknad med attestar og vitnemål sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
- Søknadsfrist måndag 7. oktober 2024
- Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, tlf. 922 20 253 eller fung. kyrkjeverje Max Ingar Mørk, tlf. 951 85 921.
Kontaktinformasjon
Erlend Melby, Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd, 922 20 253
Max Ingar Mørk, Fung. kyrkjeverje, 951 85 921
Arbeidssted
Skogvegen 1a
6480 Aukra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Aukra Sokn
Referansenr.: 4858588050
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 07.10.2024
Om bedriften
Sektor: Offentlig
Nettsted: http://www.kirken.no
Tilbake til søketSøk her
Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Selskap
Aukra sokn
Lenke til firma
http://aukrakyrkje.no/
Kategorier
administrasjonkirkekirkevergekyrkjekyrkjeverje
Kontaktinfo
- Max Ingar Mørk
- Tittel: Fung. kyrkjeverje
- E-Post:
- Mobil/Tlf: 951 85 921
- Erlend Melby
- Tittel: Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd
- E-Post:
- Mobil/Tlf: 922 20 253
Lokasjon
Søknadsfrist
Oktober 7, 2024