Ål kommune
Ål kommune Skattebøl barnehage
Ål kommune har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.25, for tida ved Skattebøl barnehage.
Skattebøl barnehage har frå hausten 2025 fire avdelingar, plassert i to bygg tett i nærleiken av kvarandre. Desse bygga ligg i eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærområdet. I Skattebøl barnehage set vi «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider; www.aal.kommune.no.
Skattebøl barnehage ynskjer frå hausten 2025 å sjå på moglegheitene for å drive ei avdeling med ekstra fokus på å vera ute. Vi ser etter ein som også har interesse for å ta barna med på å oppleve dei ulike årstidene, leike i skogen, utforske nærmiljøet og oppleve læring og sosialt samspel ute i naturen.
Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
Kvalifikasjonar:
· Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
· Heldt deg fagleg oppdatert
· Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som
Vi tilbyr
· ein barnehage med eit god fagleg miljø
· ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
· meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
· pensjonsordning i KLP
· lønn etter gjeldande tariffavtale
· arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
· gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning
For nærmare opplysningar, kontakt
styrar Grete Toril Hagen på tlf 40918118 eller
barnehagefagleg rådgjevar Marie Bjørke tlf 47635450
Søknadsfrist 6. juli 2025
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 06.07.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Ål
Kontaktpersonar:
Grete T. Hagen
tlf: +47 32085406
mob: +47 40918118
Marie Bjørke
tlf: 47635450
Heimeside:
www.aal.kommune.no/
Adresse: Branesvegen 2, 3570 ÅL
Ål kommune Skattebøl barnehage
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Ål kommune
Ål
July 06 ,2025