Error decoding JSON: Syntax error
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd – Kyrkjeverje (Søknadsfrist 24.08.2025)
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Stillinga som kyrkjeverje i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd er ledig frå 1. september 2025. Kyrkjeverja er øvste administrative leiar for Den norske kyrkja i Bjørnafjorden kommune, og forvaltar store og viktige verdiar for samfunnet. I hovudsak omfattar dette gravplasstenester for alle våre drygt 26 000 innbyggjarar, arbeidsgjevaransvar for om lag 30 tilsette, samt overordna strategisk og økonomisk ansvar for drift og utvikling av 6 kyrkjer, 1 kapell og 11 gravplassar. Ikkje minst er dette ei nøkkelrolle for utviklinga av folkekyrkja i Bjørnafjorden kommune inn i framtida.
Kommunen har to sokn, Os og Fusa, som begge har kompetente stabar med eigen dagleg leiar, og til saman fire prestar tilknytt sokna. Leiargruppa består av kyrkjeverje, daglege leiarar i Os og Fusa, og driftsleiar som koordinerer vedlikehald, kyrkjetenarar og gravplass-arbeid. Bjørnafjorden høyrer til Fana prosti og Bjørgvin bispedøme, og har godt etablerte samarbeid med desse einingane for nettverk, fagmiljø, utviklingsarbeid og strategisk arbeid for kyrkja i Vestland. Kyrkja i Bjørnafjorden har to kontor i kommunen, plassert i Fjord’n Senter i Eikelandsosen og i Os sokn sitt bygg Tunet Kyrkje- og kultursenter på Osøyro. Kyrkjeverja delar kontortid mellom desse arbeidsstadane.
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd søkjer ein dyktig leiar til kyrkja i Bjørnafjorden. Dette inneberer gode mellommenneskelege og kommunikative evner, tydeleg og løysingsorientert leiarskap, god økonomisk forståing og stor og allsidig kapasitet. Samstundes trengst struktur og leiarfagleg tyngd for å ta kyrkja inn i framtida. Dette løyser ein ikkje åleine, og vi ser difor etter ein leiar som både kan ta roret, men òg spele på lag med gode krefter i stab, kyrkjelyd, styresmakter og samarbeidspartar.
Dersom intern søkar i organisasjonen vert tilsett, kan dei andre søkjarar til stillinga bli vurdert til annan leiarstilling i fellesrådet.
Søknadsfrist: 24.08.2025
Arbeidsgivar: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Stad: Os
Stillingstittel: Kyrkjeverje
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4993951511
Arbeidsoppgaver
Kvalifikasjoner
Personlige egenskaper
Vi tilbyr
Vi oppmodar alle interesserte til å søke, uansett bakgrunn, og ser på mangfald som ei styrke i både kyrkjelydane og stabane våre.
For å skape grunnlag for godt og trygt miljø for alle, må det leggjast fram politiattest før tilsetting i samsvar med Trossamfunnslovens § 20 og Politiregisterloven § 39, første ledd. Når søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ynskje om å bli unntatt frå denne lista må grunngjevast i søknadsportalen, og du vil uansett få ei tilbakemelding på dette. Dersom vi ikkje kan innvilge ditt ynskje, vil det vera mogleg å trekkje søknaden.
Øyro 49, 5200 Os, Norge
Kontaktinformasjon
Hans Einar Markhus
Assisterande kyrkjeverje
Telefon:95936580
Lars Erik Dalland
Fellesrådsleiar
Telefon:93041113
Del stillingen
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Os
August 24 ,2025