Vestland fylkeskommune
Fusa vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse og oppvekst, teknologi og industrifag, naturbruk, restaurant og matfag og påbygg for vaksne-nettskule. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og tilrettelagt undervisning. Skulen har omlag 300 elevar og 50 tilsette. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no/ og skulen sin film https://youtube.be/37e8hMyhHnA
Søknadsfrist: 04.08.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Undervisningsstilling innan Teknologi og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4986100871
Arbeidsoppgåver
Undervising og oppfølging av elevar.
Me søkjer deg som har kompetanse innan teknologi og industrifag, elektrofag eller automasjon og som er nyfiken på ny teknologi.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Det kan vere aktuelt å kombinere denne stillinga med undervisning i andre fag ved skulen, ut frå våre behov ogsøkjar sin kompetanse.
Kvalifikasjonar
Godkjent yrkesfaglærarutdanning innan teknologi og industrifag/elektrofag-automasjon og/eller fagbrev innan desse fagområda
Det er ønskjeleg med praktisk erfaring frå fagområdet
Til alle stillingane er det krav om fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom ein ikkje oppfyller kravet om pedagogisk kompetanse, vil skulen legge tilrette for utvikling av formell og pedagogisk kompetanse
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Haldis Gjøen Solvang
ass. rektor
Telefon:97161326
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vestland fylkeskommune
Eikelandsosen
August 04 ,2025