Gloppen kyrkjelege fellesråd
Gloppen kyrkjelege fellesråd har ledig 100% stilling som kantor/kyrkjemusikar for snarleg tilsetting.
Vi søkjer etter ein engasjert og kreativ kyrkjemusikar som kan vidareføre og utvikle det musikalske arbeidet som kyrkja driv og har eit naturleg ansvar for, slik som gudstenester og kyrkjelege handlingar, samt kor og konsertverksemd.
Kantor inngår i stabsfellesskap med kyrkjeverje, kyrkjelydspedagog, diakon, organist, administrasjonssekretær og to prestar. Det blir halde regelmessige stabsmøte. Kontor i lyse nye kontorlokale.
Arbeidsoppgåver:
• Planlegging og gjennomføring av forordna gudstenester og andre gudstenester fastsett i kyrkjelyden sin gudstenesteplan, i samarbeid med prest og staben.
• Leie og koordinere kyrkjemusikalsk verksemd i kyrkjelyden innanfor ramma av dei planar og prioriteringar som er fastsett av sokneråd og kyrkjeleg fellesråd.
• Medverke i arbeidet med kyrkjeleg undervisning.
• Samarbeid med tilsette og frivillige om kyrkjelydsbyggande verksemd.
• Korleiing i regi av kyrkja
• Vedlikehalde kontakt med musikkmiljøet i Gloppen og med lokale utøvarar.
• Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sine instrument.
• Delta i stabsmøter.
• Øvrige arbeidsoppgåver avtalast i samarbeid med leiar innanfor ramma av stillinga og ut frå kyrkjelyden sine behov.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt av fellesrådet.
Andre opplysningar.
Eventuelle spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Audun Mundal: tlf. 91177823, eller fellesrådsleiar Anders Rinde, tlf. 99720238.
Søknad med CV, referansar, kopi av vitnemål og attestar sendast til Gloppen kyrkjelege fellesråd v/ kyrkjeverje Audun Mundal på e-post til [email protected] innan 21.april 2025
Kyrkjer og instrument:
I Fellesrådsområdet er det seks kyrkjer.
Alle kyrkjene, unnateke gamle Gimmestad kyrkje, har piano. Det ligg på kantor å føre tilsyn med alle instrumenta.
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har vel 5.900 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn, Anda (SDN) – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan idrett, kultur og spesielt musikk sidan vi har musikklinje ved Firda vidaregåande og 5 distriktsmusikarar knytt til kulturskulen. Kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikk-kommune.
Gloppen kyrkjelege fellesråd omfattar same areal som Gloppen kommune, og er delt i tre sokn: Gloppen, Breim og Hyen, med til saman ca. 5100 medlemer.
Del stillingen
Gloppen kyrkjelege fellesråd
Sandane
April 21 ,2025