Gulen kommune
Om stillinga
Kom og jobb som lærar i Gulen kommune! Byrknes barnehage og skule søkjer etter i inntil 100% fast stilling som lærar frå snarast. Sjå punktet «arbeidsoppgåver/kompetanse» for meir informasjon om stillinga.
Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her og sjekk ut eininga. Ved Byrknes barnehage og skule er det læring og trivsel som står i høgsetet. Eininga er oppteken av å ha eit trygt og godt skulemiljø, kor gode relasjonar mellom elevar og vaksne er avgjernade for ein god skulekvardag.
Ta gjerne kontakt med einingsleiar (kontaktperson i annonsen) om du har spørsmål til stillinga.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Byrknes barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Akkurat no er behovet størst for kompetanse innan undervisning på ungdomsskulen.
Personlege eigenskapar
Anna
Om oss
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Evelyn Monslaup
Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
+47966 25 226
[email protected]
Søknadsfrist: 7. februar 2025
Arbeidsgivar: Gulen kommune
Kommune: Gulen
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
Del stillingen
Gulen kommune
Byrknesøy
February 07 ,2025