Kinn kommune
Måløy Heimeteneste og dagsenter har frå 20.8.2025 ledig eit vikariat som dagleg leiar ved Ressurssenter for demensramma. Stillinga er ledig fram til februar 2027.
Ressurssenteret er lokalisert i Vågsøy Omsorgssenter og er Måløy-delen av Kinn kommune sitt dagtilbod for heimebuande personar med demenssjukdom. Tiltaket har som målsetnad å bidra til ein inkluderande og meiningsfull kvardag for den enkelte, samt å gje naudsynt avlastning for pårørande. Ein legg vekt på å styrke både fysiske og kognitive ressursar hos den enkelte brukar for å auke moglegheita for å bu lengst mogleg i eigen heim.
Det vert heile tida arbeidd for å tilpasse innhald og struktur etter den brukargruppa ein til ei kvar tid har. På den måten er tenesta heile tida under utvikling, og no har du moglegheit til å leie denne utviklinga i samarbeid med dyktige og dedikerte medarbeidarar. Fordelinga av stillinga har vore ein dag med kontor og dei andre arbeidsdagane i miljøet. Noko administrative oppgåver må påreknast òg utanom kontordagen.
Søknadsfrist: 26.06.2025
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Stad: Måløy
Stillingstittel: Dagleg leiar Ressurssenter for demensramma
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4982120818
Startdato: 20.08.2025
Arbeidsoppgåver
– Ha det overordna ansvaret for å utvikle og gjennomføre eit godt og variert aktivitetstilbod på Ressurssenteret saman med dei tilsette, for å sikre eit tilrettelagt tilbod for ei variert brukargruppe og gode samarbeid med pårørande.
– Ha ansvar for at naudsynte og hensiktsmessige rutinar vert oppretta, evaluerte og fulgt opp.
– Vere næraste leiar for medarbeidarane ved Ressurssenteret, samt eit mellomledd mellom Ressurssenteret og den øvrige leiinga.
– Ha brukarmedverknad i fokus – legge til rette for at kvar enkelt brukar får delta i så stor grad som mogleg ut ifrå den enkelte sine ønskjer og ressursar.
– Legge til rette for gode samarbeid innad i eiga personalgruppe, med andre hjelpetenester i og utanfor kommune, samt med frivillige som ønskjer å bidra til meiningsfulle aktivitetar for brukargruppa.
Kvalifikasjonar
Høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag vil vere ein fordel.
Erfaring innan demens og/eller leiing vert vektlagt, samt personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Arbeidet krev at du har evne til å kunne arbeide systematisk og strukturert, samstundes som du må ha evne til å omstille deg ved uforutsette hendingar. Gode samarbeidsevner vil vere ein fordel. At du kan møte menneske i ulike sinnsstemningar på ein god måte, samt har eit framheva ønskje om å bidra til å sikre eit godt tilbod for brukargruppa verdsettast.
Vi tilbyr
Kompetanse lønnsstige
Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
Intern opplæring og fagøkter
Fokus på etisk refleksjon
Rådhuset, Gate 1 64, 6700 Måløy, Norge
Kontaktinformasjon
Rakel Garnes
Tenesteleiar Måløy heimeteneste og ressurssenter
Telefon:+47 41922879
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Kinn kommune
Florø
June 25 ,2025