Error decoding JSON: Syntax error
Klepp kommune
Er du klar for arbeid på ein moderne og framtidsretta barneskule i Klepp kommune?
Tu skule er ein PALS-skule med 200 elevar fordelt på 1.–7. trinn. Gjennom vår visjon «Med blikk for alle» har me eit sterkt fokus på inkludering, ansvar, omsorg og respekt – der elevane skal oppleva meistring og læring i eit trygt miljø. Me har eit læringsorientert profesjonsfellesskap med dyktige tilsette, godt arbeidsmiljø og velfungerande system. Tu skule er også sertifisert som dysleksivenleg.
Skulebygningen er moderne og tilpassa både lærar- og elevkvardagen, med rom og utstyr som legg til rette for variert undervisning. Tu skule og Klepp kommune har Oracy som si hovudsatsing.
Me er på jakt etter ein engasjert pedagog som kan undervisa både enkeltelevar, grupper og klasse på mellomtrinnet. Me ser særleg etter deg som har kompetanse og interesse for tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring. Den viktigaste oppgåva i denne stillinga er å bidra til at alle elevar opplever meistring og utvikling. Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller spesialpedagogikk. Erfaring frå traumebasert omsorg vil vera ein styrke. Engasjementet er fyrst og fremst frå dags dato til 31.12.25, men det er stort sannsynlegheit for forlenging.
Søknadsfrist: 15.09.2025
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Stad: Bryne
Stillingstittel: Tu skule har ledig 100% lærarstilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Engasjement
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5010647736
Startdato: 15.09.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Det vil bli ekstra vektlagt at du er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
Tu skule, Lalandsvegen 410, 4341 Bryne, Norge
Kontaktinformasjon
Vibeke Sola
Rektor
Telefon:+47 40288726
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Klepp kommune
Bryne
September 15 ,2025