Ål kommune
Vil du jobbe i ei teneste som gir deg varierte oppgåver innan legevaktmedisin, saman med eit kompetent og aktivt miljø?
Då kan du vere den me ser etter!
Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me handterer alt får enkle infeksjonar til alvorlege akutte situasjonar.
Legetenesta i Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar til avdelinga vår. Ved avdeling legetenester er det ledig:
Stillingane er fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral og inngår 3- delt turnus. Det er mogeleg å kome med ynskje om grad av fordeling mellom desse funksjonane. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar. Stillingstorleik frå 60% kan avtalast ved tilsetjing.
Ledige stillingar:
Stillingane er fordelte mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral, og inngår i ein tredelt turnus. Vi tilpassar arbeidsplanar etter behov og ønskje, og tilbyr fleksible løysingar.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
Utdanning, opplæring og kurs
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Bu og jobbe i Ål
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .
Send søknad og politiattest
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga.
Velkomen som søkjar.
Velkomen som søkjar.
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktpersonar:
Gry Katrine Kirkeluten
tlf: 48022060
mob: 48022060
Heimeside:
Adresse:
Helsetunvegen 17 3570 Ål
Ål kommune Ål legekontor
Me kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål Legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie-/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt.
Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunane Hemsedal og Hol, samt felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.
Helse- og omsorgsektoren i Ål har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Vi har fleire spanande utviklingsprosjekt i gang både lokalt og regionalt, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Ål kommune
Ål
May 11 ,2025