Vestland fylkeskommune
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 190 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Denne stillinga er knytt til avdeling for Naturbruk.
Søknadsfrist: 04.08.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Vikariat – Lærar Naturbruk, Landbruk
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 70
Webcruiter-ID: 4991325283
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Skulen har ledig 70 % årsvikariat som lærar på naturbruk frå 01.08.25. Undervisninga vil vere i vg1 og vg2 naturbruk med fokus på landbruk. Undervisninga vil særleg være innan emne som traktor, reiskap, skogbruk og husdyr men undervisningsemna blir tilpassa kompetansen til den einskilde lærar.
Relevant fagleg kompetanse i programfaga på naturbruk.
Brei erfaring innan praktisk arbeid i landbruket.
Sertifikat i bruk av maskiner vert vektlagt.
Pedagogisk utdanning
Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår
Næringslivserfaring er ønskjeleg
Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfellesskapet
Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere med ungdomar
Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste
Arbeider sjølvstendig
Er kreativ og løysingsorientert, med evne til å løyse praktisk oppgåver
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Torbjørn Litlere
avdelingsleiar
Telefon:40488885
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vestland fylkeskommune
Bergen
August 04 ,2025