
Vinstra vidaregåande skule – Avdelingsleiar musikk
Beskrivelse
Vinstra vidaregåande skule søkjer etter avdelingsleiar i 100% stilling, der delar av stillinga er undervisning.
Vi søkjer deg som
- set eleven si læring og læringsmiljø i sentrum
- har engasjement og drivkraft til å leie musikk- og folkemusikkundervisning ved skulen og som likar å vera ein lagbyggjar og læringsleiar
- evnar å sjå heilheita på skulen, er opptatt av fellesskapet og som spelar på lag med andre avdelingar
- er endringsvillig, løysingsorientert og utviklingsorientert, og har evne til å analysere praksis i skulen
- har eit sterkt engasjement og god evne til å leie, motivere og støtte dine medarbeidarar
- har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
- er ope og tydeleg
- har høg integritet, er påliteleg og ein god lagspelar
- etablerer god samhandling med og forankring i skulesamfunnet
- utøver di leiarrolle i tråd med verdigrunnlaget i fylkeskommunen
- kan prioritere oppgåver og jobbe systematisk og systemretta
- har god kjennskap til og innsikt i vidaregåande opplæring, og kan omsetja kunnskapen i arbeidet med administrative fellesoppgåver
- har god organisasjons- og rolleforståing
- er kvalitetsorientert og oppteke av effektiv ressursbruk og gode resultat
- har stor arbeidskapasitet og trivst med å ha mange og ulike arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- ein god arbeidsplass i fylkeskommunen, og i ein kommune som engasjerer seg i skulen
- godt lærings- og arbeidsmiljø
- eit breitt og spennande fagmiljø
- flotte undervisningslokale på ein moderne skule
- interessante arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
- samarbeid med dyktige kollegaer i andre fagteam og avdelingar
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode lønns-, pensjons- og forsikringsordningar
- engasjerte elevar på musikklinja og landslinja i folkemusikk som markerer seg i lokalt og nasjonalt kulturliv
Om stillinga
- avdelingsleiar for musikkavdelinga med undervisning
- frå 01.08.2025
- den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av utdanning og erfaring jf. lov og avtaleverk
- arbeidsstad Vinstra
Arbeidsoppgåver
- personaloppfølging
- pedagogisk utviklingsarbeid
- ansvar for utvikling av musikkfag ved skulen
- dagleg drift
- økonomiansvar
- administrative fellesoppgåver
- undervisning, for tida i programfag på musikk
- tett samarbeid og samhandling med dei andre avdelingsleiarane som utgjer leiargruppa
Kvalifikasjonskrav
- skuleleiarutdanning eller anna relevant leiarutdanning
- pedagogisk utdanning
- undervisningskompetanse, helst i musikkfag
Ønskte kvalifikasjoner
- skuleleiarutdanning eller anna relevant leiarutdanning. Kan erstattast med relevant leiarerfaring
- pedagogisk utdanning
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- undervisningserfaring og kompetanse primært innan musikkfaga
- undervisningskompetanse i andre fag for vidaregåande skule
- gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
- gode IKT-ferdigheiter
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Søk her
Fylke: Innlandet
Jobbtype: Fast
Heltid/Deltid: Heltid
Arbeidstid: Dag
Stillingsnivå: Avdelingsleder
Stillingstype: Fast stilling
Arbeidsområde: Videregående skole
Hjemmekontorstatus: Ikke mulighet for hjemmekontor
Søknadsfrist: 03.06.2025
Tiltredelse: 01.08.2025
Arbeidssted: Vinstra
Kontaktpersoner:
Avd.leder Bjørn Tofte
mob: 97 52 02 87
Rektor Gunn Oddveig N. Berg
mob: 99025224
Hjemmeside:
www.vinstra.vgs.no
Adresse:
Gamle Skåbuv. 10 2640 Vinstra
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.
Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.
Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.
Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar – gode forbilde formar framtida!
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilbake til søketSøk her
Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Selskap
Innlandet fylkeskommune
Lenke til firma
https://innlandetfylke.no/
Kategorier
avdelingslederavdelingsleiarmusikkskoleskulevgsvidaregåande skulevideregående skole
Kontaktinfo
- Grete Vargeid
- Tittel: Avdelingsleiar
- E-Post:
- Mobil/Tlf: +47 907 60 822
- Gunn Oddveig N. Berg
- Tittel: Rektor
- E-Post:
- Mobil/Tlf: 990 25 224
Lokasjon
Søknadsfrist
Juni 3, 2025