Vernepleiar eller sjukepleiar i 100% fast stilling

Sykkylven Søknadsfrist 6. desember 2026 Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Er du vernepleiar eller sjukepleiar som brenn for å skape gode kvardagar for andre – og samtidig ønskjer nye, spanande utfordringar? Då kan du vere akkurat den vi leitar etter!

Vår avdeling Klokkerhaugen bustadar har no ei ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 15.02.2027. Du blir ein del av ei engasjert og trygg faggruppe, og jobbar i p.t. langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg.

Bu- og Rehabiliteringstenestene er ei allsidig eining, som i tillegg til butenester for vaksne, tilbyr barne- og avlastingstenester, dagsenter, støttekontakt og avlasting privat. Hos oss får du varierte arbeidsdagar, gode faglege utfordringar og moglegheita til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk og helsefagleg arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod
  • Bistand til daglege gjeremål
  • Planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat
  • Planlegge, kartlegge, dokumentere, evaluere tenestetilbodet
  • Kontakt med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
  • Primær- og sekundærkontaktarbeid
  • Legemiddeladministrasjon
  • Samarbeid med pårørande/verge
  • Journalføring i EPJ
  • Eventuelt koordinatorfunksjon
  • Eventuelt arbeid med Kap 9 HOTL og PBRL § 4A
  • Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar
  • Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering som kan utfordre
  • Kunnskap om kap 9 HOTL og kap 4A PBRL
  • Det er krav om politiattest av ny dato ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har har god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du held deg fagleg oppdatert, som og inkluderar at du fyl eininga sitt årshjul for kompetanse
  • Du viser stort fagleg engasjement og er ein aktiv bidragsytar til dette
  • Du er lojal, har evne og vilje til etisk refleksjon og god arbeidsmoral
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Utviklingsorientert felleskap
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen