Studiesjukepleiar

Søknadsfrist 13. desember 2026 Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Forsking har som mål å få fram ny og nyttig kunnskap som skal styrke tilbodet vi gir våre pasientar, og er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta.

Kliniske behandlingsstudiar gir pasientar tilgang til ny og utprøvande behandling, som elles ikkje er tilgjengeleg. Dette er eit satsningsområde både nasjonalt, regionalt og i Helse Fonna. Vi har eit særskilt fokus på å auke talet på kliniske behandlingsstudiar og talet på pasientar som deltek i studiar. I kliniske behandlingsstudiar får pasientar tilgang til utprøvande behandling som har til hensikt å førebygge, diagnostisere, behandle eller lindre sjukdom.

Helse Fonna arbeider i team rundt kliniske behandlingsstudiar og studiesjukepleiarane har ei svært viktig rolle i teama. Vi søkjer nå etter ein studiesjukepleiar som kan bidra inn i team i ulike fagområder. Det vil være mogleg å utvide stillingsstorleiken ut frå behov og arbeidsmengde.

Kva går jobben ut på?

  • Delta i planlegging, gjennomføring og avslutning av kliniske behandlingsstudiar, men med hovudfokus på gjennomføring av studiane.
  • Følge opp pasientar som deltek i kliniske behandlingsstudiar både rundt logistikk og sjukepleiaroppgåver.
  • Gjennomføre visittar/konsultasjonar.
  • Dokumentere og registrere forskingsdata.
  • Bidra i monitorering (kvalitetskontroll av pågåande studiar).
  • Følge opp feil og manglar i prosjektet.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Minimum 2 års arbeidserfaring som sjukepleiar.
  • Erfaring og/eller interesse for klinisk forsking.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig og strukturert
  • er nøyaktig i gjennomføring av prosedyrar og dokumentasjon
  • har gode samarbeidsevner
  • har gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • God opplæring.
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver.
  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar.
  • Fleksibel arbeidstid.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen