Helsefagarbeider eller student 26% helg 

Alver Søknadsfrist 7. desember 2026 Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Helsefagarbeider eller student 26% helg Vil du arbeide langvakter og vere med og skape tryggleik og meistring i kvardagen?

Om stillinga Ønskjer du ein jobb der du kan bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell for andre? Ved Krossleitet omsorgsbustad pluss på Lindås får du høve til å byggje gode relasjonar og støtte menneske i å meistre sin eigen kvardag. Vi har ledig ei fast stilling som helsefagarbeider frå 24.01.2027. Du arbeider langvakter på 12,5 timar og kvar fjerde helg. Stillinga er for tida knytt til Krossleitet omsorgsbustad pluss, ein etablert bustad med ni tenestemottakarar og trivelege lokale med fellesareal.

Om oss Psykisk helse og rus, avdeling Lindås, er eit heildøgnsbemanna butilbod i eit tun av omsorgsbustader pluss. Vi følgjer opp menneske med samansette psykiske helseutfordringar, med eller utan avhengnadsproblematikk. Målet vårt er å skape trygge og gode butilhøve og støtte kvar enkelt i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Arbeidsoppgåver Yte helsetenester i tenestemottakar sin heim, i tråd med vedtak og individuelle behov. Bidra til eit trygt og inkluderande miljø gjennom målretta miljøarbeid i fellesareal. Byggje trygge og stabile relasjonar som fremjar tillit, trivsel og meistring. Gje tilpassa hjelp, støtte og opplæring i kvardagslege gjeremål. Administrere legemiddel i tråd med delegert mynde og gjeldande rutinar. Utføre primærkontaktoppgåver og bidra til heilskapleg oppfølging av tenestemottakarane. Dokumentere tiltak, observasjonar og faglege vurderingar i pasientjournal. Koordinere og samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og samanhengande tenester.

Kompetanse

Kven er du? Vi ser etter deg som er engasjert i arbeid med menneske og ønskjer å bidra til ein trygg og god kvardag for tenestemottakarane. Du er positiv, omgjengeleg og omsorgsfull. Du samarbeider godt med andre og er trygg i dei faglege vurderingane dine. Du er påliteleg og bidreg til eit godt bu- og arbeidsmiljø. Du er fleksibel og ser etter løysingar. Du er initiativrik og har engasjement for brukergruppa Vi legg stor vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.

Me tilbyr

Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I tenesteområdet arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Politiattest I tråd med Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Psykisk helse og rus

Om Alver kommune

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen