Brannkonstabel – fast 1,92% (deltid) Kaland depot

Alver Søknadsfrist 6. desember 2026 Brann og redning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Brannkonstabel – fast 1,92% (deltid) Kaland depot Vil du inn fast på deltid?

Om stillinga Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som røykdykkar knytt til Kaland depot. Stillinga har ein storleik på 1,92%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd.

Om oss Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar. Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining. Opeativ eining er fordelt på fem brannstasjonar – Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, samt to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering.

Arbeidsoppgåver Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, utan fast vakt Operative oppgåver/utrykkingar Røykdykke Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga

Kvalifikasjonskrav

Kven er du? Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing. Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere. Har forståing for risiko med køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil. Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Politiattest I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart.

Om Nordhordland brann & redning

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen