Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus

Gloppen Søknadsfrist 3. desember 2026 Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Ønskjer du ein jobb der du kan kombinere fagleg ansvar med lange friperiodar?

Vi har ledig eit års vikariat i 100 % stilling etter medleverprinsippet for vernepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå miljøarbeid. Det vil vere moglegheit for forlenging i form av fast stilling i langvakter i tenesta. Tilredning 01.04.2027 eller tidlegare etter avtale.

I Miljøarbeidartenesta avdeling 2, Myklebusttunet arbeider du tett på personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Du får ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av brukarane, med ansvarsvakt, helsefaglege oppgåver og miljøarbeid. Stillinga følgjer medleverordninga (2-7-2-7-3-7), som gir ein fleksibel arbeidskvardag med gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga.

Hjå oss kan du få

  • Ein turnus som er organisert etter medleverordning etter prinsippet 2 dagar jobb – 7 dagar fri (2-7-2-7-3-7) med kvilande natt. Arbeid kvar 4.helg. Du arbeider som oftast to døgn i vekedagane og tre døgn på helg, med påfølgande friperioder. I tillegg til døgnvakter har vi personalmøter, fagmøter etc som er lagt i turnus.
  • Eit engasjerande og inkluderende fagmiljø. Arbeid med fag og fagutvikling, til dømes gjennom deltaking i fagnettverk og eigne fagmøter felles for Miljøarbeidartenesta.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av:

  • Gi individuelt tilpassa oppfølging og miljøterapeutisk arbeid til personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov.
  • Ivareta helsefagleg oppfølging, legemiddelhandtering, observasjon og dokumentasjon.
  • Ha ansvarsvakt og bidra til fagleg forsvarleg drift og kvalitet i tenestene.
  • Ha primærkontaktansvar og medverke til planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak.
  • Samarbeide tett med brukarar, pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Bidra til fagutvikling, rettleiing og kompetansedeling i tenesta.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar.
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar kan også vere aktuelt. For sjukepleiarar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og miljøterapeutisk arbeid.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse og erfaring med dokumentasjon i elektronisk pasientjournal.
  • Førarkort klasse B.

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi oppmodar særleg menn til å søkje, då personalgruppa i dag har ei overvekt av kvinner.

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, tydeleg og ansvarsmedviten i møte med brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, ta faglege avgjerder og samstundes vere ein god lagspelar.
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag.
  • Du har interesse for fagutvikling, kvalitetsforbetring og utvikling av gode tenester.
  • Du bidreg aktivt til eit positivt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.

For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen