Bioingeniør

Ålesund Søknadsfrist 1. desember 2026 Heltid · Fast Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!

Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som bioingeniør på lab fra 01.02.2027. Blir det internt opprykk blir det ledig vikariat 100% stilling fram til 17.09.2026. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre. Avdelinga held til i Noregs vakraste by – Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk. Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2024 svarte vi ut om lag 28 000 biopsiar, 20 000 cytologiprøver og gjennomførte 80 obduksjonar. Avdelinga har i dag tilsett bioingeniørar, legar og sekretærar, til saman 34,6 stillingar. Vi tilbyr gode høve til fagleg utvikling.

Ønskjeleg oppstart for bioingeniørstillinga er snarast, etter nærare avtale med avdelingssjef.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på lab, evt histologisk og cytologisk lab. på Avdeling for patologi, HMR

Kvalifikasjonar

  • Offentlig godkjent bioingeniør med autorisasjon.
  • Relevant erfaring og kompetanse innan fagfeltet vert vektlagd.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein bioingeniør som er motivert for å bidra til utvikling av fagmiljøet i Møre og Romsdal, og som ønskjer å vere med på å skape ei framifrå helseteneste for pasientane våre.
  • Du har gode samarbeidsevne
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du trivast i eit aktivt og tverrfagleg miljø
  • Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, +47 70 10 66 37

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5211330565

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen