Om stillingen
Om stillinga
Er du vår nye kollega?
Me søkjer etter helsefagarbeidar i 80 % og 100 % vikariat i Kvam heimeteneste
- Som helsefagarbeidar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og pleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
- Stillingane er ledige frå januar 2027 og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg
Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones, deriblandt arbeid på Pensjonisten i Ålvik. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- Pleie primært knytt til heimebuande i Kvam
- Oppfølgjing etter førespurnad frå responssenteret
- Bistand til at menneske med svekka helsetilstand kan bu trygt heime
- Organisering og handtering av tiltaksplanar for oppfølgjing av heimebuande
- Utføring av medisinske prosedyrar etter vedtak
- Administrasjonsoppgåver knytt til legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førarkort B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg(Tilsvarande B2)
- Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner
- Må meistra åleinearbeid
- Fordel med erfaring frå heimetenesta
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- er fleksibel, løysningsorientert og tek ansvar
- kan samarbeide med kollegaer og samarbeidspartnarar
- møter andre på ein respektfull og open måte
- deler og aukar kunnskap
- er open for endringar
- kan nytte digitale verktøy
Vi tilbyr
- Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.


