Om stillingen
Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre? Ved Kviteseid skule har vi ledig inntil 60% vikariat som fagarbeidar frå omgåande til 31.12 med stor moglegheit for forlenging.
Vi søkjer etter ein varm, tydeleg og relasjonssterk vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane våre. Stillinga vil innebere arbeid både i skule og eventuelt på SFO
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp enkeltelevar og elevgruppa
- Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen
- Delta aktivt i samarbeid med lærarar, føresette og andre tilsette
- Arbeid på SFO kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
•Utdanning som vernepleiar er ønskjeleg Anna relevant utdanning eller erfaring kan òg vere aktuell
- Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Er ein varm, raus og tydeleg vaksenperson
- Er glad i barn og oppteken av at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel
- Har evne til å byggje gode relasjonar og sjå det beste i elevane
- Kan møte elevar med ulike behov med tryggleik, tolmod og omsorg
- Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
- Kan ta imot rettleiing og beskjedar, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen
- Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og samarbeidet på skulen
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kontaktinformasjon
- Siv Omtveit Aasan, Avdelingsleiar Kviteseid skule, +47 93063991
- Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90756486
- Arbeidsstad
- Skulevegen 9
- 3850 Kviteseid
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
- Referansenr.: 5194209681
- Stillingsprosent: 60%
- Vikar
- Startdato: 02.11.2026
- Sluttdato: 31.12.2026
- Søknadsfrist: 27.10.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.