Kyrkjeverje 60 %

Solund Søknadsfrist 31. oktober 2026 Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Solund sokn er ei religiøs verksemd knytt til Den norske kyrkje. Soknet er ein del av Nordhordland prosti og Bjørgvin bispedøme, og styrast av eit folkevald sokneråd. Til saman forvaltar soknerådet tre kyrkjer, fire gravplassar, eit bårehus, to kyrkjekaier og eit kyrkjelydshus.

Hva vi ser etter

Ynskja kvalifikasjonar

Universitets-/høgskuleutdanning, innan økonomi og administrasjon/leiing eller anna relevant utdanning. Søkjarar utan høgskuleutdanning med relevant praksis vert også vurderte. NOKUT-godkjenning må vedleggast for utanlandsk utdanning.

  • Erfaring som leiar med personalansvar vert vektlagt
  • Erfaring innan organisasjonsutvikling vert vektlagt
  • God økonomi- og IKT-kunnskap
  • God kjennskap til og engasjement for Den norske kyrkje som organisasjon og offentleg forvaltning
  • Må ha gode språkferdighetar, samt beherske norsk munnleg og nynorsk skriftleg.
  • Må vere medlem av Den norske kyrkje.
  • Fordel å ha sertifikat for og disponere bil.
  • Personlege eigenskapar

Samarbeida og kommunisera godt med andre tilsette, friviljuge, samarbeidspartnarar og brukarar. Har gode munnlege og skriftlege framstillingsevnar.

Innehar gode leiareigenskapar, er sjølvstendig, systematisk, strategisk og løysingsorientert. Det er og ei fordel med praktisk kunnskap om vedlikehald av gamle bygg. Både innvendig og utvendig.

Arbeidsoppgaver

Kyrkjeverja er øvste administrative leiar for soknet si verksemd og har ansvar for mellomanna økonomistyring og personalansvar for dei tilsette i soknet, vedlikehald, drift og forvaltning av kyrkjer og gravplassar. I tillegg er kyrkjeverja sekretær og sakshandsamar for soknerådet og andre utval.

Vi tilbyr

  • Soknet lysar no ut ein fast stilling i 60%
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for heimekontor.
  • Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter avtale.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Arbeidsforholdet vert regulert av Hovudavtala, Hovudtariffavtala og sentrale avtaler inngått på kyrkjeleg sektor (KA), samt lokale reglement vedteke med heimel i tariffavtale.
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen