Om stillingen
Helsefagarbeider 80% Ynskjer du langvakter i eit arbeidsmiljø der du får vere både fagperson og medmenneske?
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert helsefagarbeider i en 80 % fast stilling til Stallanemarka burettslag. Stillinga inneber arbeid med kortvakter i vekedagene og langvakter på 12,5 timar kvar 4. laurdag og sundag. Oppstart er etter avtale.
Om oss Stallanemarka burettslag husar 10 fantastiske mennesker, og er staden der både bebuarar og tilsette bidreg til å skapa eit bumiljø som er like solid som husveggene – og minst like hjartevarmt. Hos oss får du ein arbeidskvardag der du både utviklar faget, utviklar deg sjølv og gjer ein tydeleg skilnad. Her blir du sett og støtta – og du får bidra i eit miljø som heiar på kompetanse, refleksjon og humor. Du møter ei samansveisa faggruppe som lever etter mottoet: «Det er lov å le – helst ofte!». I denne stillinga får du bruke deg sjølv og fagkompetansen din på ein måte som gjer ein reell forskjell. Du bidreg til tryggleik, føreseielegheit og ein meiningsfull kvardag for bebuarane. Som helsefagarbeidar arbeider du for å fremje sjølvstendiggjering, medverknad og meistring, og du støttar bebuarane i å ta eigne val. Du blir del av eit engasjert lag som spelar kvarandre gode – og du får bruke dei relasjonelle og faglege styrkane dine i eit arbeid som verkeleg betyr noko!
Arbeidsoppgåver Yte helsehjelp i tråd med vedtak og gjeldande rutinar. Gi praktisk hjelp, rettleiing og oppfølging i daglege gjeremål. Delta i miljøarbeid og gjennomføring av målretta tiltak. Følgje og leggje til rette for aktivitetar og deltaking i samfunnet. Utføre observasjon, dokumentasjon og rapportering. Ivareta primærkontaktoppgåver. Samarbeide med vernepleiarar, sjukepleiarar og anna fagpersonell. Rettleie og følgje opp lærlingar
Krav til kompetanse
Det er eit føremon om du har: Erfaring frå arbeid i bufellesskap Gjennomført opplæring i legemiddelhandtering Kjennskap eller erfaring frå arbeid med personar i autismespekteret Kjennskap eller erfaring med ASK – alternativ og supplerande kommunikasjon Kjennskap til eller praksis frå arbeid etter helse‑ og omsorgstenestelova kapittel 9 Erfaring i rettleiing Digital kompetanse Interesse i fysisk aktivitet
Kven er du? Du skaper tryggleik rundt deg, og kollegaer og brukarar opplever deg som varm, til stades og påliteleg. Du er strukturert, engasjert og tek ansvar på ein naturleg måte. Du ser potensialet hos brukarane og bidreg til eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Du deler kunnskap raust, liker å rettleie lærlingar og bygg gode relasjonar internt i avdelinga og eksternt med samarbeidspartnarar – noko som gjer deg til ein særleg verdifull ressurs. For å få eit mangfald i personalgruppa oppmodar me menn til å søkje.
Me tilbyr
Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.