Om stillingen
Om stillinga
Vil du vere den vaksne som gjer ein forskjell – kvar einaste dag? Kanskje er det nettopp du som skal vere den vaksne eit barn hugsar resten av livet. I Rauland barnehage er dagane fylt med frisk fjelluft, små hender i store vottar og nysgjerrige blikk som ventar på å bli møtt. Hjå oss er naturen meir enn ein bakgrunn – ho er ein læringsarena, ein møteplass og ei kjelde til undring. No ser me etter deg som vil vere med å sjå kvart enkelt barn, byggje sterke relasjonar og skape gode dagar, både ute og inne.
Me veit at barn lærer best når dei:
- blir sett, lytta til og forstått
- kjenner seg trygge, verdsette og inkludert
- møter vaksne som er til stades og bry seg – på ekte
Difor jobbar me kvar dag for å møte barna med varme, respekt og nysgjerrigheit, og for å gi kvart barn rom til å vere seg sjølv
I kvardagen hjå oss får du vera med på:
- turar i skog og fjell, der barna utforskar naturen med heile seg, og leik som får utvikle seg i sitt eige tempo
- små, store augeblink som fremjar tryggleik, meistring og sjølvkjensle
- eit fagmiljø der me delar erfaringar og heiar kvarandre fram
Arbeidsoppgåver
- Leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga
- Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
- Medansvarleg for den daglege drifta i barnehagen
- Ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
- Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme
- Fagleiing av dei tilsette på avdelinga
- Vere ein aktiv del av eit leiarteam som vil skape noko saman
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Dersom me ikkje får kvalifiserte søkjerar, kan søkjerar med anna relevant utdanning og/eller erfaring bli vurdert for tilsetjing på dispenasjon
- Du må ha god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk for å kunne kommunisere godt med barn, føresette og personalet
Personlege eigenskapar
Du er ein person som:
- er ein trygg og tydeleg leiar
- brenn for barns utvikling og leik
- har evne til å skape gode relasjonar
- er raus, engasjert og initiativrik
- finn løysingar til det beste for barna i ein travel kvardag
- kommuniserer godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnerar
- likar å vere i aktivitet, både ute og inne
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Moglegheit til å påverke og setje retning
- Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like – og alle betyr noko
- Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass der du kan påverke og utgjere ein forskjell
- Ein barnehage tett på naturen – fjell, skog og årstidene som læringsarena
- Løn etter lokal lønstabell – barnehagelærar- årsløn frå 553100-682.000,- (avhengig av ansiennitet) + ped.leiartillegg på 30.000,-
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

