Helsefagarbeidar 100 % fast stilling

Sykkylven Søknadsfrist 7. desember 2026 Heltid Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Er du helsefagarbeidar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?

Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver? Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS), sone 2.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.

Ved å velje BUAS får du: 💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre. 💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov 💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling 💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling 💙 Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

Bli ein del av laget vårt! 💙

Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne helsefagarbeidarar velkomne til å søkje. Tilsetting kan skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Yte heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar
  • Bidra til å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag
  • Samarbeide med pårørande og tverrfaglege team
  • Dokumentere i fagsystem
  • Delta i fagutvikling og rettleiing av kollegaer og elevar/lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med anna helsefagleg utdanning kan også søkje
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorga er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst, påliteleg og har god evne til å samarbeide
  • Du har eit stort engasjement for brukarane og faget
  • Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen