Sommarvikarar 2027

Hjelmeland Søknadsfrist 1. februar 2027 Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Me ser etter

deg med godt humør, glimt i auga og stå-på-vilje. Deg som vil jobba på ein kjempekjekke arbeidsplass med gode kollegaer nokon veker frå medio juni til medio august. Hos oss har me ledige sommarjobbar med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor følgjande områder: Helse og omsorg, bygg og anlegg – avdeling teknisk og reinhald, oppvekst og kultur. Du må kunne jobbe minst tre veker samanhengande.

Frist for å søke er 01.02.27. Hovudinntaket for sommarvikarar 2027 vil bli gjennomført veka etter søknadsfrist. Det vil likevel vera mogleg å søkje jobb etter fristen, men då blir det berre tilsett om me ikkje allereie har nok sommarvikarar etter hovudinntaket.

Helse og velferd Me treng sommarvikarar ved Hjelmeland omsorgssenter (HOS) og Årdal omsorgssenter (ÅOS). Ved omsorgssentra søkjer me etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i turnus med helg. Ved Hjelmeland omsorgssenter treng me sommarvikarar på korttidsavdelinga, i heimetenesta og på dagsenteret. Vikarar må helst ha fylt 18 år, ha språknivå tilsvarande nivå B2 og enkelte stillingar krev førarkort.

På sentralkjøkkenet på Hjelmeland omsorgssenter treng me ein kjøkkenassistent. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å servere måltid til brukarane, oppvask, skrelling, smøring og pakking av mat, samt andre førefallande kjøkkenoppgåver. Vikaren må ha fylt 15 år.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

  • Hjelmeland omsorgssenter: Mona Krogevoll, 404 39 090
  • Årdal omsorgssenter: Eli Nesvåg, 404 39 089

Bygg og anlegg – avdeling teknisk og reinhald Bygg og anlegg har behov for sommarvikarar for ulikt vedlikehaldsarbeid på bygningar og grøntanlegg. Arbeidsoppgåvene oppfattar mellom anna klipping av gras og hekk, luking av bed, rydding av fellesareal, maling ute og inne på kommunale bygg. Det er òg behov for sommarvikarar til reinhald ved diverse kommunale bygg.

Vikarar må helst ha fylt 18 år. Det er ein fordel å ha førarkort for bil med manuelt gir.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

  • Bygningar og grøntanlegg: Geir Myhre, 901 86 135
  • Reinhald: Elin Kvame Jansen, 404 39 138

Oppvekst Me treng sommarvikarar i barnehagane våre, og søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar. Vikarar må vera fylt 16 år, og det er krav om norskkunnskap på minimum B2-nivå, jf. barnehagelova § 27.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

  • Fister barnehage: Siv Iren Moen Hausken, 404 39 220
  • Årdal barnehage: Liva Høines, 404 39 210
  • Hjelmeland barnehage: Silje Håvarstein, 404 39 190

Kultur (sommarvert og aktivitetsguide) Me treng både sommarvertar og aktivitetsguidar. Sommarvertane har ansvar for kafé og turistkontor på Spinneriet. Det er viktig å vera imøtekommande og ha eit smil på lur. Som aktivitetsguide er du med på å planleggje og gjennomføre kjekke aktivitetar for barn og unge gjennom sommarferien. Det er ein fordel om du sjølv er interessert i friluftsliv og sommaraktivitetar.

Sommarvertane arbeider i perioden medio juni til medio august, og noko helgearbeid må påreknast. Sommarvertane har også ansvar for Hjelmeland sitt turistkontor, og får tilbod om å gjennomføra kurs saman med turistvertane i dei andre kommunane i Ryfylke. Ein av sommarvertane vil få i oppgåve å vera teamleiar. Me treng 3-5 sommarvertar.

Aktivitetsguidane vil jobba i eit team med 3-5 personar. Stillingsprosent er 100 % i fire veker – fortrinnsvis i juli månad – og eventuelt noko arbeid utanom desse vekene. Ein av aktivitetsguidane får i oppgåve å vera teamleiar, og arbeider då om lag 5-6 veker. Det vil bli gitt opplæring, og det kan vera aktuelt med arbeid i helger.

Sommarvertane og aktivitetsguidane bør vera mellom 18 – 25 år.

Spørsmål om stillingane kan rettast til

  • Sommarvert: Magnar Riveland, 404 39 153
  • Aktivitetsguide: Åsmund Sigmundstad, 404 39 155

Vilkår Tilsetjinga skjer på kommunale lønnsvilkår. Det vert trekt 2% pensjon av bruttoløn i eigenandel. Feriepengar utbetalast ved slutt.

Politiattest

Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage. Aktivitetsguidar må også legge fram politiattest.

Elektronisk søknadsprosess

Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen. Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Kontaktperson Malin Nordbø, personalsjef, mobil: 404 39 017, [email protected]

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen