Om stillingen
Helsefagarbeider 60% fast stilling Bli med i Alver! Vi søker engasjerte medarbeidere som vil gjøre en forskjell og utvikle seg sammen med oss.
Om stillinga Ved Knarvik sjukeheim, avdeling 2, har vi ledig ei helsefagarbeidarstilling i 60%. Denne stillinga har langvakter kvar 4. helg og ellers ordinære vakter på 7,5 timar. Vi har årsturnus med planlagt arbeidstidsordning over 52 veker, og det er mogleg å påverke eigen turnus frå veke 47/2027.
Om oss Avdeling 2 har 29 pasientrom med delt korttidsgruppe og somatisk langtidsgruppe. Det er forventa å kunne gå vaktene sine på begge grupper. Vi er heldig i denne avdelinga og har mange flotte tilsette med godt fagleg engasjement og dekning. Vi har tett samarbeid med ergo/fysio, sjukeheimsleger og andre tenester. Som helsefagarbeider er det forventa at ein er primærkontakt for pasientar. Dette vil du få opplæring i.
Arbeidsoppgåver Sørgje for god pleie og omsorg til pasientane. Administrere klargjorde legemiddel frå dosett eller multidose. Få særskilt opplæring i administrering av insulin og andre injeksjonar. Vere primærkontakt for om lag 3–4 pasientar. Delta i fagutvikling. Vere rettleiar for elevar og nytilsette assistentar. Utarbeide tiltaks- og pleieplanar. Dokumentere i elektronisk pasientjournal. Bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonskrav
Kven er du? Vi søkjer deg som er pliktoppfyllande og glad i å arbeide. Vi søkjer ein helsefagarbeidar som har gode samarbeidsevner, men som òg kan arbeide sjølvstendig. Dersom du i tillegg er ansvarsmedviten og strukturert, kan dette vere stillinga for deg. Avdelinga har ei todelt pasientgruppe, og det er derfor viktig at du er fleksibel og kan tilpasse deg ulike arbeidsoppgåver. Du må ha fokus på samarbeid og vere med på å nå felles mål til beste for pasientane.
Me tilbyr
Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Alver kommune
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.