Leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø

Midt-Telemark Søknadsfrist 27. oktober 2026 Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark? Då håpar vi å høyre frå deg!

Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen.

Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn.

Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar.

Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester.

Arbeidsoppgåver

  • Leie eininga
  • Ivareta kvaliteten og følge opp sakshandsaming
  • Være pådrivar og delta i samfunnsutviklinga i Midt-Telemark
  • Delta i kommunalsjefen si leiargruppe
  • Delta i kommunalt planarbeid
  • Delta i politiske møter

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjoner:

  • Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
  • Leiarutdanning eller relevant leiarerfaring
  • God og oppdatert kunnskap om plan- og bygningslova
  • God økonomi- og budsjettforståing

Ønska kompetanse

  • Arbeidserfaring innan fagområda
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer

Personlege eigenskapar

  • Vi søker deg som brenn for samfunns og arealplanlegging
  • Du må være opptatt av ei ryddig og effektiv saksbehandling
  • Evne til å bygge relasjonar gjennom involvering og medverknad
  • Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar
  • Evne til å arbeide målretta og systematisk

Personlege egenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Hyggelege, motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
  • Kontaktinformasjon
  • Hans Kortner Ryen, Kommunalsjef Teknisk, +47 91339201
  • Arbeidsstad
  • Gullbringvegen 20
  • 3800 BØ I TELEMARK
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
  • Referansenr.: 5189705311
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 28.10.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen