Overlege hyperbarmedisin

Bergen Søknadsfrist 20. desember 2026 Heltid Lege og medisin
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

100% fast stilling for overlege er ledig ved Seksjon for hyperbarmedisin.

Seksjon for hyperbarmedisin er ein del av Yrkesmedisinsk avdeling og er lokalisert i underetasjen i Konrad Birkhaugs hus på Haukeland universitetssjukehus. Vi er ein poliklinikk som har nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling (HBO) og nasjonal behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar. Elektive indikasjonar er stråleskadar i hovud-/ halsregion eller bekkenregionen, kroniske sår i stråla vevnad eller kroniske diabetiske fotsår med mikroangiopati og kronisk behandlingsrefraktær osteomyelitt. Dei elektive pasientane får poliklinisk seriebehandling i trykkammer fem dager per veke i seks veker.

Poliklinikken har åpningstid frå kl 07:30-16:30. Seksjonen besørger og øyeblikkeleg hjelp HBO i helseregion vest og midt-Noreg. Dei vanlegaste indikasjonane for øyeblikkeleg hjelp HBO er dykkarsjuke, nekrotiserande mjukvevnadsinfeksjonar, akutt idiopatisk høyretap, gassemboliar og kullosintox. Det er tre overlegar som jobber ved poliklinikken. I tillegg er det tre overlegar og ni trykkammeroperatørar som kun har vaktteneste (dykkelegevakt).

Utgreiing av yrkesskade hos yrkedykkarar skjer i samarbeid med Arbeidsmedisinsk seksjon og ØNH/Balanselaboratoriet.

Det gis stedlig opplæring i operasjon av trykkamre og Sjøforsvarets kurs for dykkerleger dersom søkar ikkje har dette.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av elektive polikliniske pasientar gjennom pasientforløpet i samarbeid med sjukepleiartenesta som opererer trykkamra. Dette utgjer hovudtyngda av arbeidsoppgåvene
  • Utgreiing av yrkesskade hos yrkesdykkarar er ein liten del av arbeidsoppgåvene
  • Vurdering av tilvisingar utgjer og ein stor del av arbeidsoppgåvene
  • Operasjon av trykkammer i samarbeid med andre overlegar eller kammeroperatørar
  • Behandling av intensivpasient på respirator i trykkammer i samarbeid med anestesilege
  • Delta i pågåande kliniske forskingsprosjekt eller utvikle eigne
  • Undervising i relevante fora
  • 6-delt beredskapsvakt som dykkemedisinsk lege

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i relevant klinisk spesialitet (Onkologi, Indremedisin, Gynekologi, Kirurgi, Nevrologi, Allmennmedisin, Anestesiologi, ØNH)
  • Sertifisert dykkelege (intern opplæring og sertifisering vil bli gitt)
  • Erfaring med hyperbar oksygenbehandling er ein fordel, men ikkje ein føresetnad for å kunne søke stillinga
  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare, både munnleg og skriftleg
  • God teknisk innsikt
  • God forståing for fysikk

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg og på tilbodssida
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har godt humør

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Spisskompetanse på eit lite fagfelt
  • Deltaking i forskingsprosjekt
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen