Utviklar – digitalisering

Bergen Søknadsfrist 8. desember 2026 Heltid Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

I Vestland fylkeskommune sit vi på enorme mengder data om fylkesvegnettet. Vi registrerer tilstand, vedlikehald, trafikk, geografi, investeringar og mykje meir. Utfordringa er ikkje å få tak i data. Utfordringa er å bruke dei smart. Der kjem du inn.

Er du utviklar, data scientist eller teknolog med nokre år på baken, og kjenner at du vil bruke kompetansen din på noko som faktisk betyr noko? Då kan dette vere jobben for deg. Vestland fylkeskommune satsar tungt på digitalisering, data og kunstig intelligens for å skape smartare arbeidsprosessar, betre avgjerdsgrunnlag og meir berekraftige løysingar for innbyggjarane våre.

Arbeidsoppgåver

Kva skal du jobbe med?

Utvikling av digitale løysingar for vegforvaltning, drift, analyse og samfunnsutvikling

Utforsking og implementering av kunstig intelligens, maskinlæring og automatisering

Bygging av dataplattformer, dashbord og analyseverktøy

Omforming av store datamengder til innsikt som gir betre avgjerder

Identifisering av nye moglegheiter innan KI, dataanalyse og digitalisering

Leiing og deltaking i tverrfaglege innovasjonsprosjekt

Kvalifikasjonar

  • Kven ser vi etter? 3 år, eller gjerne mer – erfaring som utviklar, data scientist, ML-engineer eller tilsvarande Høgare utdanning innan IT, informatikk, data sciencen eller liknande Erfaring med Python, SQL, Power BI eller liknande (Gjerne KI-assistert) Interesse for generativ KI og moderne utviklingsmetodar Kjennskap til GIS eller BIM er ein fordel

Kjennskap til utviklings av løysingar for prosessforbetring er ein fordel

  • Gode kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar

Dette trur vi kjenneteiknar deg

Sjølvstendig og initiativrik

Strukturert utan å bli firkanta

Deler kunnskap og løfter andre

Vi tilbyr

Givande arbeid med utvikling av korleis i vi skal levere vegforvaltning og vegbygging i framtida, i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Vi er opptekne av at vi skal trivst på jobb og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune. Ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Gode forsikringsvilkår.

Stillingsnemning etter kvalifikasjonar og erfaring. Kontorstad i Bergen eller Leikanger.

Nysgjerrig? Ta kontakt med Ada. Vi tek gjerne ein uformell prat før du bestemmer deg for om du vil søkje.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen