Om stillingen
Ønsker du ein arbeidskvardag der du får brukt fagkompetansen din, jobbe tett på pasientane og vere del av eit inkluderande og fagleg sterkt team? Vi søker no ein engasjert helsefagarbeidar til vårt team. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap, samarbeider godt og jobbar saman for å skape gode dagar for pasientane våre. Vi tilbyr 3-delt turnus med moglegheit for langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar 4. helg.
Dette gir høve til lengre friperiodar og god balanse mellom jobb og fritid. Vi er opptekne av kvalitet, fagutvikling og gode pasientopplevingar. Kvar dag arbeider vi for å skape tryggleik, meistring og gode augeblikk for pasientane våre. Du får høve til å byggje relasjonar til pasientar og pårørande og vere med på å gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira. Vi har ein variert og aktiv arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like.
Hos oss må du trivast med å prioritere oppgåver, samarbeide godt med kollegaer og finne gode løysingar når situasjonar endrar seg. Du blir ein viktig del av eit fagmiljø der helsefagarbeidaren si kompetanse blir verdsett og får rom til å kome til sin rett.
Vi har ledig: 100 % fast stilling som helsefagarbeidar Arbeidsoppgåver: • gi dagleg stell, pleie og omsorg til pasientar med ulike behov og diagnosar• observere, vurdere og følgje opp pasientar med fokus på personsentrert omsorg• bidra til aktivitet, trivsel og gode opplevingar i pasientane sin kvardag• dokumentere og følgje opp tiltak og behandlingsplanar• samarbeide tett med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeids…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.