Om stillingen
Førde bu- og miljøteneste, eining 3 yter døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming og andre som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Vi arbeider tverrfagleg og gir støtte, rettleiing og opplæring i daglege aktivitetar. Målet vårt er å legge til rette for ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag med størst mogleg grad av meistring og sjølvstende. Tenestene omfattar mellom anna oppfølging innan personleg hygiene, ernæring, aktivitet og sosial deltaking, i tillegg til oppfølging av somatiske og psykiske helseutfordringar.
Om stillinga Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut, med arbeidsstad for tida på Vassenden. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du blir godt kjend med tenestemottakar og får høve til å bidra til tryggleik, meistring og gode dagar. Stillinga er knytt til eit butiltak der du følgjer opp ein tenestemottakar med behov for tett og individuelt tilpassa oppfølging. Langvaktene gir god kontinuitet i oppfølginga, samtidig som turnusordninga gir færre arbeidshelger og meir samanhengande fritid.
Stillinga har for tida langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar fjerde helg. Arbeidsoppgåver: gi praktisk bistand, støtte og rettleiing legge til rette for meistring, aktivitet og deltaking i kvardagen følge opp individuelle mål, tiltak og planar bidra til føreseielege og trygge rammer for tenestemottakar samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar dokumentere tenesteyting og nytte digitale fagsystem bidra til fagleg utvikling og gode tenester Kvalifikasjonar: helse- og sosialfagleg…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.