Ergoterapeut

Ålesund Søknadsfrist 24. oktober 2026 Vikariat Terapi og rehabilitering
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Er du ergoterapeut og kan starte på kort varsel?

Ålesund sjukehus treng deg til fagleg spennande arbeid!

Vi har behov for ein autorisert ergoterapeut i 100 % mellombels vikariat ved Ålesund sjukehus, med oppstart snarast mogleg og varigheit til og med 31.12.2026.

Det kan også vere aktuelt å tilsetje i delar av stillinga. Vi oppmodar derfor interesserte til å søkje, sjølv om dei ikkje har høve til å arbeide i 100 % stilling.

Stillinga er organisert under Seksjon for kliniske støttefunksjonar og er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling. Her vil du arbeide med kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar.

Du får ein variert arbeidskvardag med sjølvstendig fagleg ansvar, tett tverrfagleg samarbeid og gode ergoterapikollegaer å støtte deg på. Nødvendig opplæring vil bli gitt.

Vi ser etter deg som:

  • Er autorisert ergoterapeut
  • Kan starte på kort varsel
  • Trivst med sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid

Aktuelt for deg? Vi vurderer søknader, gjennomfører intervju og tilset fortløpande. Ta gjerne direkte kontakt dersom du er interessert eller ønskjer meir informasjon! Vi håpar å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering og kartlegging av pasientar med hjerneslag
  • Vurdering og kartlegging av medisinske og geriatriske pasientar
  • Hjelpe til med formidling av interne hjelpemiddel til avdelingane på sjukehuset

Kvalifikasjonar

  • Autorisert ergoterapeut med norsk godkjenning
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med aktuell pasientgruppe er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

  • Kontaktinformasjon
  • Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, 93 46 13 52, [email protected]
  • Arbeidsstad
  • Åsehaugen 5
  • 6017 Ålesund
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
  • Referansenr.: 5197794282
  • Stillingsprosent: 100%
  • Vikariat
  • Søknadsfrist: 25.10.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen