Barnehagelærar – vikariat

Stranda Søknadsfrist 2. november 2026 Vikariat Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde. Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar. Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk.

I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement. Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning eller ved internt opprykk kan også andre søkjarar med relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, sjølvstendig og fleksibel
  • Evne til å kommunisere, rettleie og motivere
  • Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn etter tariff
  • Kontaktinformasjon
  • Susan Aambakk Helsem, Einingsleiar, 46411130, [email protected]
  • Hilde Langlo Brekke, Assisterande styrer, 46411844, [email protected]
  • Arbeidsstad
  • Hevsdalsvegen 44
  • 6200 Stranda
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Stranda kommune
  • Referansenr.: 5197296596
  • Stillingsprosent: 50%
  • Vikar
  • Startdato: 01.01.2027
  • Sluttdato: 31.07.2027
  • Søknadsfrist: 03.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen