Vil du jobbe med juridisk utviklingsarbeid i skjeringspunktet mellom nasjonalt og internasjonalt regelverk?

Bergen Søknadsfrist 15. november 2026 Heltid · Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

  Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: Å sikre at varene som kryssar grensene Noreg, er trygge og lovlege. I løpet av ein dag blir store mengder varer frakta over grensa. Dei kjem med fly, båt, bil og lastebil frå heile verda, før dei held fram på ferda si ut til næringsliv og privatpersonar. Kvar dag kontrollerer vi for å sikre at varene oppfyller krava i norske og internasjonale lover og reglar. Slik vernar vi Noreg, næringslivet og menneska som bur her.

Tolletaten er ein tverrfagleg arbeidsplass, med mange pågåande endringsprosessar. Hos oss, i Vareførselsdivisjonen, skal du jobbe med regelverksutvikling og avklaringar av komplekse problemstillingar innanfor vareførselsfaget. Du får bidra med juridiske avklaringar i dagsaktuelle saker som har stor betydning for samfunnet. Arbeidet vil vere knytt til utviklingsprosjekt, regelverks- og prosedyreutvikling og utgreiing av juridiske problemstillingar innanfor ei rekke ulike regelverk, både nasjonale og internasjonale. Visste du at Tolletaten forvaltar regelverket for 20 regelverkseigarar og andre samarbeidande styresmakter på grensa?

Synest du dette verkar interessant, må du gjerne søke. Sentrale arbeidsoppgåver: 

  • leie og delta i utgreiingar, prosjekt og arbeidsgrupper
  • identifisere behov for og greie ut prinsipielle juridiske spørsmål
  • identifisere behov for og bidra til utforming av styrande dokument
  • være pådrivar for regelverksutvikling i etatens arbeid
  • yte juridisk bistand til Vareførselsdivisjonen og andre delar av Tolletaten innanfor vareførselsfaget
  • behandle saker om erstatning og sakskostnader
  • bidra med informasjon, opplæring og fagleg rettleiing om vareførselsregelverket internt og eksternt

  Du må rekne med at det blir litt reising, primært til Oslo. Kvalifikasjonar: 

  • fullført mastergrad i rettsvitskap. Internasjonale grader må vere godkjent av NOKUT/HK-dir.
  • god juridisk metode og godt juridisk skjønn
  • gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg (norsk og engelsk)
  • særleg relevant arbeidserfaring

    Det er ønskeleg med minst eitt av følgjande: 

  • erfaring med å leie prosessar, arbeidsgrupper eller liknande
  • erfaring frå juridisk utviklings- eller utgreiingsarbeid
  • erfaring frå digitaliseringsarbeid
  • erfaring med internasjonal rett og EØS-rettslege spørsmål
  • kompetanse innan personvern

    Vi søker deg som 

  • har gode samarbeidsevner, lyttar og bidreg til godt samarbeid
  • trivst med å gå i djupna og jobbe analytisk med komplekse regelverk
  • er fagleg trygg
  • har evne til å ta initiativ, er handlingskraftig og løysingsorientert
  • arbeider strukturert, prioriterer godt og leverer kvalitet innanfor gitte fristar

  Kva kan vi tilby deg? 

  • interessante juridiske oppgåver som vil gi deg kompetanse innanfor mellom anna vareførselsregelverket, skatterettslege spørsmål, regelverk som følgjer av internasjonale avtalar, og ein rekke sektorregelverk som Tolletaten handhevar på vegner av andre styresmakter
  • eit fagleg miljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
  • ei fleksibel arbeidstidsordning
  • arbeidsstad i moderne kontorlokale i Solheimsviken, med innandørs sykkelparkering, treningsrom, garderobar og tilgang til ei veldriven kantine
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som seniorrådgivar i lønnsspennet kr 750 000 til kr 850 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.

Tilsetting føreset samtykke til semac og tilfredsstillande ordinær politiattest. Verdt å merkje seg Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss, derfor tilbyr vi deg som er aktuell for stillinga, ein omvend referansesjekk. Det betyr at du kan ringe nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne ut om vi er ein god match for deg.

Dersom dette høyrest ut som ei stilling du er interessert i og har lyst til å vite meir om, er du velkommen til å ta kontakt med fungerande seksjonssjef Elin Fleten på 48291617       Til deg som søkjer jobb i Tolletaten Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar. Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv.

Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen. Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen