Om stillingen
Er DU vår nye kollega?
Ved døgnseksjonen i Ålesund har vi ledig 100% vikariat som Lege i spesialisering 2/3, lege før turnus/medisinstudent med lisens frå 01.01.27 til 31.08.27.
Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund. Døgnseksjonen er samlokaliser med poliklinikken i Ålesund. Døgnseksjonen har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett miljøterapeutgruppe, jobber det i dag 2 overleger, 1 psykologspesialist og 1 psykolog på døgnseksjonen. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
- Fagleg utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- Ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
- Du må mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen
- Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate. Olsbo. [email protected]
- Arbeidsstad
- Geilebergvegen 18
- 6017 Ålesund
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
- Referansenr.: 5197873794
- Stillingsprosent: 100%
- Vikariat
- Startdato: 01.01.2027
- Sluttdato: 31.08.2027
- Søknadsfrist: 04.11.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.