Pedagogisk leiar – 80% vikariat

Suldal Søknadsfrist 4. november 2026 Deltid · Vikariat Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar,  – frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser – alle med sine eigne kvalitetar. Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal. 

 

Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen. Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn  og god mat som gjer kroppen godt.  

 

Me jobbar saman mot målet: 

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»  

Om stillinga:

  • Stillingsstorleik: 80%
  • Stillingtype: Vikariat
  • Stilling ledig frå: 01.01.2027 til og med nytt barnehageår

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Er du klar? Me treng deg! 

Kven ser me etter? 

  • Du har godkjent barnehagelærarutdanning.
  • Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.
  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.
  • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.
  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
  • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.

Kraftlaget – kva får du hos oss? 

Arbeidsmiljø  Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. 

Fleksibilitet og kvardagsliv  Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon. 

  • Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
  • Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
  • Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner

Utviklingsmoglegheiter  Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. 

Bu i Suldal  Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar. 

 

Hjå oss i Suldal kommune får du: 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar: 

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen