Vu søkjke danselæar ved Kviteseid kulturskule i 19,4% stilling

Kviteseid Søknadsfrist 22. november 2026 Heltid · Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans! Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk. Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år.

Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Arbeidsoppgåver

  • planleggje, gjennomføre og evaluere danseundervisning for barn og ungdom
  • skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
  • tilpasseundervisninga til ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå
  • arbeide med koreografi og førebuing til framsyningar
  • inspirere elevane til skaparglede, sjølvutfalding og meistring gjennom dans
  • følgje opp elevane si faglege og personlege utvikling

I tillegg til sjølve undervisninga omfattar stillinga førebuingstid, personalmøte, oppfølging av elevar og elevlister, kontakt med føresette, samt deltaking og arrangementsansvar ved framsyningar og andre arrangement.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan dans eller relevant realkompetanse
  • Pedagogisk utdanning eller annan relevant realkompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • har engasjement for og interesse av å undervise i dans på alle nivå i eit trygt og motiverande læringsmiljø
  • er påliteleg og har evne til å planleggje og informere i god tid
  • har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement
  • ønskjer å bidra positivt i kulturskulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • har evne og vilje til å bruke digitale verktøy i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
  • har undervisningserfaring og gjerne kan vise til referansar

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Samarbeid med trivelege og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg praksisfellesskap
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Kontaktinformasjon
  • Martin Krause, Rejtor, 908 05 510, martin.krause.kviteseid.kommune.no
  • Arbeidsstad
  • Knut Taraldsens veg 8
  • 3850 Kviteseid
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
  • Referansenr.: 5201837521
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 22.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen