Drift og vedlikeholdsingeniør automasjon/svakstrøm ITB

Haugesund Søknadsfrist 24. november 2026 Heltid · Fast Teknisk vedlikehold
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Helse Fonna søker ein drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon, svakstrøm og ITB.

Som drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon og svakstrøm/ITB i Helse Fonna vil du ha ansvar for drift og vedlikehald av automatiserte system og integrerte tekniske bygningsinstallasjonar (ITB) ved Haugesund sjukehus og dei distriktspsykiatriske sentera på Haugalandet. Dei automatiserte systema i føretaket, saman med dei ulike sentrale driftskontrollanlegga (SD-anlegga), overvakar, styrer og regulerer dei fleste bygningstekniske installasjonane i eigedommane våre.

Vi ser fram til å motta søknaden din!

Kva går jobben ut på?

  • Kontroll, feilsøking og utbetring på automatiseringssystem og svakstraumanlegg.
  • Tilstandskartlegging av tekniske anlegg og systemer.
  • Reparere, skifte ut, justere og kontrollere komponentar som inngår i automatiserte anlegg.
  • Kontroll og funksjonstesting ved overtagelse av ulike prosjekt/tiltak knytt til automatisering og SD anlegg/system, av dette retningslinjer, rutinar, prosedyrar, dokumentasjon og opplæring.
  • Kontrollere, oppdatere og vidareutvikle prosedyrar og rutinar for bruk i drift og vedlikehald.
  • Følgje opp og bidra til vidareutvikling av føretakets IK innanfor fagområdet.
  • Delta i tverrfaglege vedlikehaldsteam.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Utdanning som automasjonsingeniør eller teknisk fagskule med relevant fagbrev eller meisterbrev. Nyutdanna kandidatar blir òg oppmoda til å søke.
  • Erfaring innan drift, reparasjon, vedlikehold og feilsøking på industrielle og andre automatiserte lavspenning eller SD anlegg.
  • Erfaring med IT baserte verktøy.
  • Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver i eit utfordrande og triveleg miljø.
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vitnemålsportalen  Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

  • Kontaktinformasjon
  • Harald Lunde, Avdelingsleiar, +47 413 36 655, [email protected]
  • Sokol Kastrati, Funksjonsleiar, +47 418 63 512, [email protected]
  • Arbeidsstad
  • Karmsundgata 120
  • 5528 HAUGESUND
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
  • Referansenr.: 5194297919
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 15.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen