Pedagogisk personell til barnehage, i inntil 100% vikariat 

Gulen Søknadsfrist 17. november 2026 Heltid · Vikariat Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Gulen kommune har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast mogleg til midten av august 2027. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra barnehage i eininga Dalsøyra barnehage og skule.

Me søkjer ein barnehagelærar eller ein barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt ein søkjar med tilsvarande relevant utdanning. Søkjarar utan relevant utdanning er òg velkomne til å søkje og kan bli vurderte dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar.

Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Sjå her for meir informasjon om Dalsøyra barnehage.

Ta kontakt med kontaktpersonen i annonsen om du har spørsmål til stillinga!

Barnehagane i Gulen har:

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar – ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver

Barnehagelærar

  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Barne- og ungdomsarbeidar

  • Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar

Barnehagelærar

  • Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Barne- og ungdomsarbeidar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen