Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus

Stad Søknadsfrist 17. november 2026 Deltid · Fast Psykisk helse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til fleire faste helgestillingar i 15 – 24 % på avdelingane Barneavlastinga og Myroldhaug psykisk helse og rus.

Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

Vi ser særleg etter deg som:

  • Har helsefagleg utdanning
  • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
  • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Du må vere over 18 år

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kommunikasjonsevner, kan skape trygge og tillitsfulle relasjonar
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

  • Kontaktinformasjon
  • Marie Bakke, Einingsleiar meistring og psykisk helse, 40022692, [email protected]
  • Arbeidsstad
  • Myroldhaugvegen 43
  • 6770 Nordfjordeid
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Stad kommune
  • Referansenr.: 5195118611
  • Stillingsprosent: 25%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 17.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen