Overlege i Karkirurgi

Bergen Søknadsfrist 22. november 2026 Heltid · Fast Lege og medisin
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som Overlege i karkirurgi. 

Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet.

Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen.

Stillinga inngår i den vaktordninga som til ein kvar tid gjeld ved Karkirurgisk avdeling.

Dei tre overlegestillingane vil alle vere på lik linje ift arbeidsoppgåver som avdelingas øvrige overlegar, imidlertid vil stillinga ha eit knytt til ansvarsområde. 

Dei tre ulike ansvarsområda vil vere;

  1. Fagansvar for diabetiske fotsår
  2. Fagansvar for forskingsaktivitet
  3. Fagansvar for utvikling innanfor endovaskulær kirurgi

Kandidater som søker, bes spesifisere hvilken av oppgavene de søker på, evt en rangering. Det er selvsagt mulig å søke på alle i en prioritert rekkefølge. Kandidater bes skrive et eget avsnitt i søknad om hvilke tanker de har om sin rolle innen ønsket fagansvar som søkes på.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med karkirurgiske tilstandar
  • Utføre og assistere ved elektive og akutte kirurgiske inngrep
  • Delta i poliklinisk og dagkirurgisk verksemd
  • Bidra i tverrfaglege team og samarbeid med andre spesialitetar
  • Motta rettleiing og bidra til undervisning av medisinstudentar
  • Vere ein aktiv bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Søkarar må ha særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit blir vurdert som viktig
  • Søkar må for overlegestilling vere spesialist i Karkirurgi, eller vere i sluttfasen på sin spesialisering. Det er eit krav om at overlegar i vakt sjølvstendig kan handtere dei vanlegaste karkirurgiske akutt-problemstillingar inklusive open operasjon av rumpert aortaaneurisme
  • Erfaring frå større Karkirurgisk avdeling og dei problemstillingar som handterast der

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og motivert for fagleg utvikling
  • Sjølvstendig og trygg i akutte situasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å delta i forskingsprosjekt og fagutvikling
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Moglegheit til å påverke eigen utvikling og bidra til avdelingas retning

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

  • Kontaktinformasjon
  • Espen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606
  • Arbeidsstad
  • Haukelandsveien 22
  • 5021 Bergen
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
  • Referansenr.: 5205509110
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Startdato: 04.01.2027
  • Søknadsfrist: 22.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen