Psykologspesialist

Bergen Søknadsfrist 15. november 2026 Heltid · Vikariat Psykisk helse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ein sengepost, Kvinnepost Tertnes og eit poliklinisk/ambulant team. Ved seksjonen jobbar psykologar, legar, sjukepleiarar,  vernepleiarar,  miljøterapeutar, sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen, som er tilgjengeleg for drøfting i ugreiingssaker, og som utfører nevropsykologiske testar etter avtale med psykolog og pasient.

Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.  

Vi har no ledig eit vikariat i 100% stilling som psykolog frå januar til 31. juli på Kvinneposten Tertnes. 

Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Ein vil jobbe med kartlegging, utgreiing og behandling av rus- og psykiske lidingar i samarbeid med andre behandlarar og miljøpersonale.  

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit obligatorisk behandlingsprogram, blant anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, treningsterapi og miljøterapi.  

Vi søker psykolog som trivst med teamarbeid, verdset tverrfagleg tenking, har gode kommunikasjonsferdigheiter. Det er ein fordel å ha erfaring med pasientgruppa. Psykologen vil inngå i psykologfagleg team i seksjonen. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.   

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, utgreiing og behandlig av rusavhengige
  • Samhandling med samarbeidspartar internt og eksternt
  • Delta i det tverrfaglege arbeidet ved posten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling/psykisk helsevern og utgreiing/kartlegging
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø hvor samhandling er en nøkkelfaktor
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeidar målretta og toler å stå i krevande situasjonar
  • Du er fleksibel og toler at arbeidskvardagen i døgnrammer fort kan endre seg
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

  • Kontaktinformasjon
  • Trude Larsen, Leiar, 98800425
  • Arbeidsstad
  • Tertnesveien 35
  • 5113 Tertnes
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
  • Referansenr.: 5198926565
  • Stillingsprosent: 100%
  • Vikariat
  • Startdato: 18.01.2027
  • Sluttdato: 30.07.2027
  • Søknadsfrist: 15.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen