Likar du å jobbe på natt?

Vindafjord Søknadsfrist 22. november 2026 Deltid · Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Me søker etter engasjerte og trygge medarbeidar til to faste nattevaktstillingar i vårt bufellesskap for vaksne med psykiske lidingar. Her bur det personar som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen. Som nattevakt vil du vere ein nøkkelperson i å sikre ro, tryggleik og nødvendig oppfølging på nattestid.

Me har ledig to faste stillingar på ca. 65% og 28% med arbeid 3. kvar helg.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Miljøarbeid
  • Tilrettelegging, bidra til tryggleik, ro og meistring for bebuarane
  • Behandling, individuelle samtalar, rettleiing
  • Samarbeid
  • Dokumentasjon av observasjonar og tiltak, bidra til god informasjonsflyt mellom vaktene.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og frisk treningssenter tilbyr rabatt på treningssenter.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Dei som kvalifiserar for stillingskode som miljøterapeut vil bli lønna kr. 10.000,- over KS garantilønnsregulativ.
  • For relevant vidareutdanning gis det kompetansetillegg, f.eks. 60 studiepoeng gir kr. 20.000,- i kompetansetillegg per år i 100% stilling.
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter – meir jobb i helga, meir pengar i lomma!

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar.
  • Kandidatar med vidareutdanning innan rus og psykiatri oppfordrast til å søka.
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar:

  • Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Robust, trygg og open personlegheit.
  • God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.

Slik søker du

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen