Miljøterapeut

Sunnfjord Søknadsfrist 22. november 2026 Heltid · Fast Psykisk helse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.

Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):

  • 100 % fast stilling med oppstart i januar 2027
  • Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter.

Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
  • Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
  • Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar

Kvalifikasjonar

  • Må ha medisinsk kompetanse, til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
  • Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
  • Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786

Arbeidssted

Svanehaugvegen 7

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5205446067

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen